Kampane i Vinjesvingen 1940
Sekondløytnant Thor O. Hannevig (1891-1975) som reiste motstanden i Vinje 1940. Han har blitt kalla «helten frå Vinjesvingen». Kampane der fekk stor symbolsk betydning.
Allereie etter fire dagar, den 13. april, valgte
oberst Steen på Heistadmoen å legge ned våpna. Telemark infanteriregiment nr. 3
(IR 3) sine styrkar hadde enno ikkje møtt tyskerane til kamp i det heile. Sekondløytnant
Thor O. Hannevig nekta å overgje seg. Den 14. april 1940 drog Hannevig med to
offiserar, nokre soldatar og lastebilar til Vinjesvingen med våpen og anna
utstyr frå IR 3. Hannevig var klar for å fortsette kampen.
Han sendte ut mobiliseringsordre til lensmennene i Telemark, med oppmøte stad
Vinjesvingen. Folk
strøymde til Vinje frå blant anna Notodden,
Grenland, Agder fylka, Vestfold, Oslo, Bergen, Jæren og Kristiansand. Om lag
120 personar kom frå Vest Telemark. Det var langt frå alle som var i direkte
kamp med tyske styrkar, men det er mange andre oppgåver med såpass stor
avdeling samla. Hannevig fortel i eit
radiointervju frå 1965 til NRK at det
var 500 mann som meldte seg frivillig. Men det var truleg ikkje meir enn mellom
100 og 200 soldatar på same tid. På Riksarkivet er det funne eit register på om
lag 450 frivillige.
Dei fleste soldatane som kjempa i Hannevigstyrken kom
frå andre kommunar enn Vinje. Forsvarsmuseet i Vinje har ikkje sikker dokumentasjon
over andre frå Vinje som kjempa i kampane mot tyske styrkar enn Eivind O.
Gardsteig frå Arabygdi, Olav O. Hamre frå Haukeli og Wilhelm Andreas Åkre frå
Rauland.
Jønnbroa (Åmot bro) i Åmot 27. april 1940 - Ilddåpen
Ved Jønnbroa (Åmot bro) i Åmot 27. april 1940 var den
første kampen mot tyske soldatar, ilddåpen til styrken av Hannevig. Det kom ei
kolonne med tyske bilar frå Dalen til Åmot. Soldatane til Hannevig låg i stillingar
ved Jønnbroa og i terrenget omkring broa. Når dei første bilane iden tyske
kolonna hadde kome over broa opna nordmennene ild. Seks tyske soldatar falt og
over tjuge tyske soldatar vart tatt til fange. Soldatane som falt var gravlagt
ved Nesland Kyrkje. Dei tyske fangane vart ført til Edland. Ingen norske
soldatar falt.
Liosvingen i Tokke 3. mai 1940
Ved Liosvingen i Tokke 3.
mai 1940 var det ein dramatisk kamp. Her var naturen slik at den var perfekt
for å ta opp kampen mot fienden. Dei norske soldatane låg og venta på tyske styrkar, som kom oppover frå
Dalen mot Åmot. Nordmennene hadde sett opp fleire mitraljøse stillingar langs
Børtevegen. Den tyske kolonna med lastebilar og motorsyklar kom kjøyrande. Eit
øyeblikk seinare var det eit inferno. Dei store dynamittladningane gjekk av og
smella gav voldsom gjenlyd mellom fjella i Liosvingen, der det er to dalføre med kvar si fossande elv som
møtast. Stabbesteinar og tømmerstokkar vart velta utover den stupbratte
fjellsida av dei norske soldatane. Angrepet kom overraskande og fem tyske
soldatar falt og mange tyske soldatar såra. Fleire av dei hardt såra tyske
soldatane vart kjøyrd til Haugsæl feltlasarett i Bøgrend. Tre legar frå
Porsgrunn og to sjukepleiarar frå Notodden jobba der. Fleire tyske soldatar
vart tatt til fange. Ingen norske soldatar falt.
Leirlid bro i Åmot 4. mai 1940
Kamp ved Leirlid bro i Åmot 4 mai 1940. Ein stor tropp
med tyske soldater kom frå Høydalsmo mot Leirlid bro, like ved der
Forsvarsmuseet i Vinje nå ligg. Soldatane kom marsjerande mot Åmot, der norske
soldater låg i stillingar. Tyskerane hadde tatt ein gammal mann frå Åmot, som
levande skjold. Han gjekk foran soldatane.
Nordmennene opna eld når dei tyske soldatane kom inn på
Leirlid bro. Nordmannen som var tatt som levende skjold klarte å rulle seg ned
i grøfta og kom seg unna. Kampen gjekk over fleire timar og fem tyske soldatar
falt. Ingen norsk soldat falt i kampen ved Leirlid bro. Men ein av Hannevigs
frivillige Håkon Bergan vart skoten av tyske soldatar. Bergan hadde eit
sjåføroppdrag for løytnant T. Kielland i
IR 3 denne dagen. H. Bergan gjekk i sivile klær. Når han kom tilbake frå sitt
oppdrag møtte han den tyske styrken, og vart dessverre skoten like ved Leirlid
bro den 4 mai 1940.
Mitraljøsestilling ved Leirlid bro.
Urdli ved Vamark 4. mai 1940
Den 4. mai 1940 låg sersjant Erik Lie med nokre av
sine menn og venta på ei tysk patrulje som var på veg oppover Setesdalen til
Haukeli. Dei låg i stilling ved Urdli i nærheten av Vamark.
Når den tyske patrulja med ni soldater kom, opna dei
ild. Det vart kamp og ein tysk soldat falt og seks tyske soldatar vart såra.
Bilen vart velta utfor vegen slik at den ikkje skulle bli oppdaga av andre
tyske soldatar. Den døde tyske soldaten vart gravlagd på Kvålen i Haukeli og
dei såra soldatane kom til Haugland i
Haukeli og fekk pleie der. Fangane
vart plassert på ungdomshuset Fjellvang i Edland.
Trussel om å bombe og brenne Vinje
Tyskerane trua med å bombe og brenne gardane i Vinje,
fordi det var så sterk motstand i bygda. Presten i bygda Agnar Sandvik saman
med løytnant Trygve Kielland, gjekk inn i forhandlingar med tyskerane, slik at
bygda ikkje vart lagt i ruiner.
Den 8. mai 1940 vart sekondløytnant Thor O. Hannevig
arrestert i Vågslid sammen med tre soldater, seks lotter og tjugeåtte tyske
krigsfangar. Hannevig vart deretter ført til Oslo, sammen med mange andre norske
fangar.