Edvard Albert Vaagland, frå Vågland i Halsa på Nordmøre

Ein vanleg soldat på nøytralitetsvakt og i krig.


Etter det sovjetiske åtaket på Finland fekk Sør-Trøndelag infanteriregiment nr. 12 ordre om å kalle inn ein feltbataljon som skulle til Aust-Finnmark for å sikre grensa. 1000 ungdommar frå Nordmøre og Trøndelag fekk ordre om å stille i Trondheim 5. januar 1940. Innkallinga kom i brev like før jul. Det var kort varsel, og det understreka alvoret. Dette kom til å prege høgtida i mange heimar i landsdelen.
 
Edvard var ein av dei som fekk brev. I grålysninga om morgonen den 5. januar stilte han opp på Ila skole med eigne ski og anna pålagt utstyr. Det skulle settast opp ein feltmessig bataljon av årgangane 1914, 1916 og 1918 i IR 12. Veret var ufyseleg, grått og kaldt, og alt tok lang tid med stadige vandringar mellom Ila skole, depotet i Erling Skjalgsons gate og Ekserserhuset i Munkegata.
 
Mange av dei som var med, kalla dei 4-5 dagane det tok å ruste ut soldatane for eit mareritt. Bataljonen vart på 745 mann, like mange frå Nordmøre som frå Trøndelag, men den vart kalla «Trønderbataljonen». Utstyret var skralt. I staden for soveposar vart det utlevert tre ullteppe og en lerretspose. Geværet var Krag Jørgensen av 1916/22-modell. Kvar tropp fekk fire Madsen maskingevær. Soldatane kalla det «Jomfru Madsen» på grunn av at geværet var tungt og tolte lite. Edvard vart tildelt ei slik jomfru, og vart plassert i 4. lag i 1. kompani. Da dei endeleg var ferdig med å sette opp bataljonen, kunne dei den 11. januar gå om bord i englandsbåtane Leda og Jupiter og fraktast nordover. Natta til den 15. januar kom dei fram til Vadsø.
 
Da det vart dag, vart bataljonen sett i land og innkvartert. Dei vart liggande her ein dryg månad på vintertrening. Innkvarteringa var dårleg, og det var mykje sjukdom i starten. «Vi vart innkvartert i rorbuer og skular [...]. - Eg var av dei som låg i ei rorbu. Det var kaldt sjølv om vi fyra med kol så lenge vi var vakne utover kvelden. Om morgonen var golvet kvitrima», fortalde Edvard i Indre Nordmør 12. april 1980.
 
Forholdet til vadsøværingane var godt. På fritida kunne dei ta ekte finsk sauna hos kvenen Halonen nord for byen. Hos ølagenten i Vadsø kunne ein tinge kassar med bayer. Dei stod ute til kjøling i snøfonna til dei var ferdige med badinga. Meininga var at bataljonen skulle vera inne to månader, men 5. februar fekk dei vita at dette vart forlenga til tre, altså til 5. april. Det var nok eit vonbrot for mange som hadde gledd seg til å komma heim snart. Historia kom til å ta ein annan veg, med alvorlege følgjer for alle i bataljonen.

 
                                 Jarfjordbotn    

Etter ordre frå forsvarssjefen i Aust-Finnmark vart bataljonen mot slutten av februar overført til Sør-Varanger. Bataljonen, som da var på 785 mann, skulle etterkvart overta vakthaldet langs den 20 mil lange grensa mot Petsamo-området i aust, frå den sørlegaste delen av Pasvikdalen heilt opp til Jarfjorden i nord. Sovjet hadde teke heile Petsamo-området under Vinterkrigen, så det var sovjetiske styrkar på andre sida av grensa. Edvards kompani vart transportert med båt og i første omgang stasjonert på Veines i Neiden.
 
Edvard skreiv heim til faren 8. mars: «Det er tre kompanier som ligger her (to geværkompanier og et kanonbatteri frå Nordland). Det vil si at vi ikke er kommet helt frem til grensen ennu, det er ca. 10 km til finskegrensen herfra og ca 5 km til Kirkenes. Her bor vi i et lite ungdomshus, andre bor i en skolebygning., det er bra hus. Vi har det godt og varmt når vi er inne iallfall. Før påske skal vi til Pasvikdalen og skal da stå i første linje efter som jeg har hørt. Efter sigende står det 6000 russere innetrengt mot den norske grense, de har valget mellem å gå over på norsk side eller å bli tilintetgjort av finnene. Petsamofronjarfjten er som du kanskje vet ikke langt fra grensen (forsøk og få i et ordentlig kart og følg med). På norsk side bygges det betongfort (for kanoner) mot den fronten har jeg hørt. Dit skal altså vi som forsterkning i tilfelle det kan bli grensekrenkning. Også her i Neiden har vi hørt kanontorden. Jeg har hørt at russerne også kjører sine døde på Pasvikelven, men om det er sant vet jeg ikke. I dag var det fakket en spion her ved grensen, det var en norsk som spionerte for Russland. Det er vist mange av den sorten både her og i Vadsø.»
 
Tida for dimisjon vart utsett gong på gong. Det tærte på tolmodet og gav vonde aningar om det som kunne komma. Edvard skriv i brev av 8. mars 1940: Vakten var egentlig bestemt til 45 dager, blev så forlenget til 60 dager og blev atter forlenget til 90 dager plus reisedager. Avløsning er bestemt den 15. april, hvis ikke situasjonen forverres. Det er iallfall lange dager for mig og ofte kan motet briste, men en får bite i det sure eplet og håpe at også dette tar en ende. Men skulde det gå slik at vi blir innblandet i krigen, så har jo livet ikke stor betydning lenger. For den som er så uheldig å må være her, må nesten ha grunn til å tro det værste.» Den 11. mars vart kompaniet flytta nærare grensa, til Svanvik. Her vart dei innkvartert i eit tomt turisthotell og sidan i Svanvik Ungdomsskole. Kompaniet fekk ansvar for grensa frå Svanvik og heilt sør til Grensevatnet øvst i Pasvikdalen. Kvar dag skulle heile grensa patruljerast, og det skulle byggast stillingar og blokkhus. Temperaturen låg på minus 20 grader, men kunne nå ned på minus 40. På andre sida av grensa var to statar i krig, og dei såg heile tida russiske soldatar. Men 13. mars kom fredsslutninga mellom Finland og Russland, og russarane trekte seg ut: «Vi var i Pasvikdalen då vinterkrigen slutta. På den andre sida av elva såg vi i kikkerten russiske troppar på veg heim att», fortalte Edvard i Indre Nordmør 12. april 1980.
 
Då Tyskland gikk til åtak mot Noreg, skreiv Major Bøckman i sin rapport datert 15. desember 1945: «Tirsdag den 9. april meldte stabssjefen om natten at tyskerne var på vei til Oslo og Trondheim og senere på morgenen ble det gitt underretning om at også Narvik var besatt. Kompanisjefene ble innkalt for å gi ordrer om omgruppering av bataljonen og mitraljøseblokkhusene ble besatt. [---] Mannskapene i blokkhusene fikk ordre om eventuelt å holde stillingene for enhver pris». Edvard fortel til Indre Nordmør at «vi skulle eigentleg ha hatt langrenn den dagen, men det vart sjølvsagt innstilt». Mennene prøvde å følgje med på meldingar frå Finnmark kringkastar om utviklinga. Det kom etterkvart meldingar om bombing av byar og bygder, men det var uråd å komma i kontakt med nokon der heime, og det rådde uvisse og uro mellom soldatane. Mange ville heim for å kjempe. Ulike planar for å få styrkane sørover vart lagde.
 
I mellomtida heldt bataljonen øvingar, og gjorde alt dei kunne for å halde soldatane aktiverte. Omsider fekk dei marsjordre. Natta til 15. april drog dei dei 5 mila på ski til Kirkenes. Her venta hurtigruteskipa Dronning Maud og Kong Haakon og båten Hestmanden på dei saman med to britiske kryssarar og ein jagar, som skulle vera eskorte. Kl. 18.00 la dei frå kai. Dei fekk ikkje vita kvar dei skulle, men alle håpa på at det var til Trøndelag. Ved avferda stod engelskmennene oppstilte ved rekka og song «Ja, vi elsker». Nordmennene svara med «God save the King». 
 
Turen sørover tok knappe to døgn i dårleg ver, men snøkavet gjorde at dei kunne kjenne seg heller trygge for å bli oppdaga av tyske fly, og den siste delen av reisa gikk utan eskorte. Tysdag den 16. april kl 22.30 kom skipa til Tromsø. På hamna låg det eit britisk hangarskip og nokre destroyerar. Major Bøckman søkte opp marinekontoret, der han fekk melding om at bataljonen skulle til Sjøvegan. Det var med det klart at dei skulle kjempe på Narvik-fronten. Det er uvisst kor godt budde dei var på dette. Soldatane hadde håpa på å bli sette i land i Trøndelag, og no skulle dei til eit område dei ikkje var kjende i. Major Arne Dagfin Dahl, sjefen for Alta bataljon, som også vart sendt sørover til Sjøvegan på same tid skriv: «Ingen av oss finnmarkinger var kjent i disse traktene, jeg selv hadde aldri vært der. Fra divisjonen hadde jeg rekvirert kart, men utealtan ennå å ha fått noen.»
 
Trønderbataljonen var heller ikkje trena for å stride som ein samhandlande eining. I Vadsø hadde soldatane fått individuell opplæring, men sidan hadde dei vore stykka opp i grensevaktpatruljar. Opphaldet i Finnmark hadde fått dei i god form, men som bataljon var dei ikkje fullrøynde. Det vanta likevel ikkje på vilje og optimisme. Då skipa gleid inn på vågen i Sjøvegan om morgonen 17. april stod korporal Rolf Aune ved rekka saman med dei andre karane: «Bølgene fra skipet gled rolig og regelmessig innover, løftet på tjærebredde nordlandsbåter og vasket mot fjæretangen. For et land vi hadde å kjempe for. Bataljonssjefen sa det vi alle tenkte på: ‘17. mai, gutter, skal vi feire på Palmen hjemme’.»
 
Men da sjefen sa dette, måtte han nok ha tenkt at det langt ifrå var sikkert at alle skulle få komma heim, som nok også Edvard tenkte da han skreiv i brevet til faren: «For den som er så uheldig å være her, må nesten ha grunn til å tro det verste.» Frå Sjøvegan marsjerte bataljonen over eidet til Lavangen, der mannskapet neste dag, 18. april, vart innkvarterte på gardane frå Soløy til Tennevoll.
 
Divisjonssjef Carl Gustav Fleischer bestemte seg for å gå til åtak på dei tyske avdelingane som hadde rykka mot Lapphaugen. Det vart planlagt ein knipetongoperasjon, der trønderbataljonen skulle rykke fram over Fjordbotneidet ned mot Gratangsdalen lenger nede og ta kontroll over riksvegen frå skytestillingar oppe i lia. Måndag 22. april fekk bataljonen ordre om å rykke mot Gratangen over Fjordbotneidet.
 
Klokka fire om ettermiddagen neste dag starta marsjen over fjellet. Det var tung, våt djupsnø og eit forferdeleg uver med full snøstorm. Fjellvante folk i bygda rådde dei frå å dra, men ordren var gjeven. Dei måtte kave seg fram med oppakning på 30 kilo, og Edvard hadde i tillegg eit tungt maskingevær å bera på. Ved fire-femtida om morgonen var dei komme over eidet. Mennene var da utslitne.


                                   Utsikt over Gratangen

Meininga var at dei skulle gå i stilling i henget ned mot dalen og derifrå ha eldkontroll over Gratangsbotn og riksvegen opp mot Turiststasjonen, men veret gjorde det uråd. Bøckman skriv: «En og annen gang kunne vi mellom snebygene se ned i bygden og Gratangsvegen på den andre siden av dalen. Avstanden over til vegen var svært stor. Dersom snestormen ikke ville gi seg. var det umulig å se over til vegen. Dersom bataljonen skulle kunne løse sin oppgave, var det bare en måte å gjøre det på, nemlig å besette Gratangsvegen.» Bøckman fekk kontakt med sine overordna og fekk løyve til å gå ned i dalen.
 
Marsjen over Fjordbotneidet var ein bragd, men soldatane fekk ikkje kvile. Etter forutgåande rekognosering gikk dei norske styrkane ned i Gratangen på morgonkvisten. Nede i dalen tok major Bøckman ein tysk patrulje til fange. Bøckman skriv om episoden: «Vi fulgte nå en veg forbi Dalåsgården opp til Gratangsvegen, som kjentmannen viste oss. Klokken var nå 05.55 da gruppen som fulgte batjaljonsstaben ble anvist stilling på en liten høyde ved vegen. Den gikk straks i gang med å grave stillingar. Været var nå blitt siktbart og vi så resten av bataljonen rykket ned lia mot Gratangsvegen. Den neste gruppe ble sendt framover langs vegen for å innta en stilling. Da de var kommet ca. 150 meter vendte de. kom tilbake og meldte at tre mann kom gående nedover vegen i retning fra Lapphaugen. Soldatene fikk ordre om å søke skjul mens fenrik Schrøder og jeg la oss i skjul like ved vegkanten. Vi tok de tre til fange og førte dem ned til et sommerfjøs ca. 100 m nord for vegen.» I intervju med Indre Nordmør seier Edvard: «Eg synest enno eg ser […] Bøckman med dragent våpen gjekk mot dei, og tok dei til fange. Men det gjekk heilt smertefritt.»
 
Det var framleis uver, men ikkje fleire teikn til tysk aktivitet. Framrykkinga heldt difor fram utover føremiddagen heilt fram til riksvegen litt vest for Turiststasjonen. Det var målet for framrykkinga, og her vart bataljonen ståande. Resten av dagen gikk med til vakthald, oppretting av stillingar og rekognosering. Det var ingen søvn og kvile og minimalt med mat. Alle var gjennomvåte og frosne.
 
Med nedrykkinga i Gratangen hadde trønderbataljonen oppnådd å dele den tyske bataljonen i to utan at eit skot vart losna, og dei hadde gruppert seg slik at dei var godt rusta til å ta imot retirerande tyske troppar frå Lapphaugen og avvise tyske motangrep frå den tyske hovudstyrken i Gratangseidet. Men snøstormen gjorde at den norske angrepet på Lapphaugen måtte oppgjevast. Bøckman hadde også rekna med støtte frå Alta bataljon på høgre flanke, men den kom heller ikkje. Manglande samband gjorde at Bøckman ikkje var klar over at dei med det var i ein svært utsett situasjon. Dei var utan sikring på flankane og låg nede i ei gryte. Bøckman var redd for at kampevna til soldatane heldt på å tryte etter alle dei umenneskelege påkjenningane dei hadde vore igjennom. Han gav difor den lagnadstunge ordren om å forlate stillingane og gå i hus for natta. Edvard sov godt den natta: «Vi [...] gjekk i hus og fekk oss kveldsmat. Så la vi oss til å sove, og eg sov godt. Naturlegvis visste vi no at tyskarane var nære, men vi var førebudd på at alt kunne hende.»
 
Major Ludwig Stautner var sjef for 1. bataljon i Gebirgs-Jäger-Regiment 139. Den 24. april hadde han måtta dra mesteparten av styrkane sine tilbake frå Gratangen til Storvatnet på Gratangseidet. Her var 13. kompani og støttekompaniet. 2. kompani hadde måtta trekkje seg frå Lapphaugen og ned mot dalen på grunn av åtak frå nordmennene. Men seint om kvelden den 24. april fekk Stautner melding om at nordmennene hadde avbrote angrepet oppe ved Lapphaugen og trekt seg tilbake, og at Trønderbataljonen hadde gått i kvarter med sparsamt vakthald på gardane nede i dalen. Han såg da sin sjanse. Nordmennene var utan skikkeleg sikring og kunne angripast frå fleire hald. Om natta vart 13. kompani sendt ned til Elvenes, støttekompaniet tok stilling ved Storfossen og 2. kompani tok plass ved vegen nedanfor Turiststasjonen der dei norske stillingane no stod tomme. Kl. 04.00 var alle underavdelingar i stilling og støttevåpna plassert slik at heile det området nordmennene låg, kunne leggjast under eld. Utan at dei hadde oppdaga det, hadde trønderbataljonen hamna i ei dødsfelle.
 
Halv seks om morgonen starta åtaket. Tyskarane hadde plassert stillingar på Storfossen slik at dei kunne skyte på heile det området der Trønderbataljonen låg. Dei opna eld med alle våpen: mitraljøser, maskingevær og bombekastarar. Soldatar gjekk fram frå fjordsida og inn mot husa oppe i dalen. Edvard heldt på med frukosten. «Vi var tidleg oppe og fekk oss mat. Plutseleg, på eit gitt signal, small det frå alle kantar. Tyske geværkuler susa gjennom veggene så flisene fauk.»
 
Mennene i bataljonen var heilt ubudde, og det var uråd å få til samordna motstand. Dei var innlosjerte for spreidd, vanta samband og to av kompanisjefane fall og to var såra. Likevel vart det kjempa. I små grupper eller enkeltvis forsvarte nordmennene seg som best dei kunne. Det var kamp hus for hus der tyskarane rykka fram. For å hindre norsk moteld kvidde tyskarane seg ikkje for å bryte folkeretten. Dei tok fangar, både sivile og soldatar, som dei dreiv framfor seg. Nordmennene tok dekning der dei kunne, Edvard tok stilling bak ein mur. Etter at skytinga mot stillinga hans hadde vara eitt kvarter, la det over med snøkave. Da vart sikta vart borte, eldgjevinga stansa, og gruppa hans fekk ordre om å trekkje seg oppover mot ei høgd og ned i ein bekkedal for å ta vern der. Men i det dei skunda seg opp mot kløfta, tok tyskarane til å skyte igjen.
 
Som Edvard fortalte til avisa Indre Nordmør: «Det gjekk bra for dei som for før meg, men så klårna det i veret. Eg høyrde blistring rundt meg og eg skjøna at eg kom ikkje så langt. Eg var komme oppå høgda då eg vart treft i høgre overarma. Samstundes kjende eg at beinet gjekk av. Eg forstod at dersom eg fortsette, kunne dei få inn eit betre treff. Så eg velta meg i koll der, i full mundur. Eg hadde ski, ryggsekk og eit tungt Madsen maskingevær i langreim. Med venstre handa prøvde eg å grave meg ned i snøen. Eg fekk unna såpass med snø at eg fekk dekt hovudet.» Der vart Edvard liggjande. Han kjende at handa var broten, men om han låg roleg, kjende han ikkje noko smerte. «Om tyskarane var for langt unna, eller om krutet hadde vore for svakt veit eg ikkje. Men kula gjekk berre inn og ikkje ut att og eg har kula i anna den dag i dag.»
 
Trass i at situasjonen var håplaus, varte kampane ut over føremiddagen. Først ved 12-tida stilna skytinga av. Det blodigaste slaget på norsk jord under krigen var over. Den fredelege bygda var forvandla til ei slagmark. Sundskotne hus og drepne og skadde husdyr, alle slags leivningar låg strødde mellom hustomtene: ski og stavar. ryggsekkar og vottar. hjelmar og våpen. Og verst: Døde og såra låg spreidde inne i husa, utanfor og langt opp i markene. Blodspora i snøen let ingen i tvil om kva som hadde skjedd. Av den 648 mann store bataljonen var 34 falne. Edvard var mellom dei 64 som var såra. 180 mann var sakna, dei fleste tekne til fange av tyskarane. Av dei fem kompanisjefane i bataljonen var to drepne og to såra. Den eine dødeleg, den femte var snøblind.


 
Edvard vart liggande i snøen heilt til det mørkna. «Eg låg der og kunne ikkje røre meg, heilt til det ikkje foregikk meir i nærleiken. Det vart kaldt mot skumringa, og eg vart våt av snø som hadde smelta under meg. Eg forsøkte å rope på saniteten, men fekk ikkje noko svar. Så eg forstod at enten måtte eg komme meg opp sjølv, eller så kom eg aldri derifrå.» Det var nok ikkje lett å komme seg opp med alt utstyret med ei avbroten hand. Men det gjekk på eit vis, og han tok seg ned til same huset som han hadde gått ut frå om morgonen. «Der trefte eg soldatar frå same kompani. Dei hjalp meg av med utstyret. Då dei skulle ta av meg ryggsekken og finne fram to boksar med middagshermetikk som eg hadde der, synte det seg at det var skote hol i begge to.» Dei to boksane hadde kanskje redda livet hans. Tyskarane hadde øydelagt Trønderbataljonen, men dei trekte seg tilbake om kvelden. Oppe i Fjordbotneidet låg nemleg Alta bataljon. Dei la dalen under eld. Det var ein trussel mot tyskarane, men eldgjevinga deira var også farleg for nordmennene på flukt opp lia frå dalen. Det er fleire vitnemål om at nordmenn vart skotne på, men dette er omtvista.
 
Etter at tyskarane var borte tok nordmennene atter kontroll over Gratangen. 
Skolekompaniet nådde på føremiddagen den 26. april Turiststasjonen, og Alta bataljon gikk ned frå Fjordbotneidet og ned i dalen og starta oppreinsking der. Edvard vart teken hand om av saniteten nede i Gratangen. Sanitetskompaniet hadde med skikjelkar og hest og slede. Den neste eller den påfølgjande dagen vart alle såra frakta ut så langt at fjorden var isfri, og om bord i fiskeskøyter. Derifrå bar det til Harstad sjukehus. Han låg der til han kunne flyttast til Ibestad sjukeheim innafor Harstad. Den norske offensiven heldt fram, og tyskarane vart tvinga til retrett mot svenskegrensa av norske, franske og polske styrkar.
 
Edvard vart skriven ut frå sjukeheimen etter kapitulasjonen. Den 17.juni står den fireårige Einar Sæter i Brunsvika og ser onkel Edvard komma gåande utover vegen til Våglandsbakkan. Edvard var kommen heim att. Det ser ikkje ut til at det finst att brev frå han etter Gratangen, men familien hadde nok fått melding om at han hadde berga seg. «I dag står flaggstangen naken/ blant Eidsvolls grønnende trær./ Men nettopp i denne timen/ vet vi hva frihet er.» skreiv Nordahl Grieg. Etter det han hadde gått igjennom, visste nok Edvard meir om «hva frihet er», og kva den kostar.


                                    Edvard ståande som nr. 2 frå venstre


Der det ikkje er angitt kjelde for sitat er dei tekne frå Johan Helge Berg og Olav
Vollan: I Trønderbataljonens fotspor – 50 år etter. Gratangen 1940 (Trondheim, 1990)

Bilder

(1)
Til toppen
An error has occurred. This application may no longer respond until reloaded. Reload 🗙